Jon har med seg solid leiarerfaring og eit sterkt engasjement for landbruk, ressursutnytting og rådgivingstenester. Han har ein mastergrad i plantevitskap frå NMBU og bakgrunn innan innovasjon og forretningsutvikling. Gjennom karrieren har Jon kombinert strategisk leiing med praktisk forståing av landbruk og næringsmiddelindustri. I han får region Vest ein leiar som er oppteken av kvalitet, utvikling og tett dialog med både tilsette og medlemmar.
– Eg ser på NLR som ein spennande arbeidsplass og er veldig motivert for å bli med på laget. Som regionssjef ser eg fram til å vere med og utvikle gode prosjekt og nyttige tenester, slik at NLR held fram med å vere ein sterk og relevant partnar for landbruket. Saman skal vi finne gode løysingar som gir praktisk nytte i kvardagen, seier Jon.

Han er oppteken av vestlandslandbrukets viktige rolle i å produsere mjølk og kjøt på lokale grovfôrressursar. Det er viktig for eit berekraftig og framtidsretta norsk landbruk. Dessutan synest han det er interessant å følgje den gode utviklinga og det sterke fagmiljøet innan frukt og bær i regionen.
– Vi er svært glade for å få Jon som ny regionssjef for region Vest. Hans erfaring, engasjement og forståing for landbruket vil vere ei stor styrke for både regionen og organisasjonen som heilskap. Saman med Jon skal vi utvikle gode rådgivingstenester og skape endå større verdi for medlemmane våre, seier administrerande direktør Bjarne Holm, og ønskjer Jon lykke til i den nye rolla.



