I 2015 tek Bjørn Olav Søndrol over ein eigendom i Vang i Valdres i Innlandet. Han brukte ein del tid og mykje tankekraft på kva for produksjon han skulle starte med på garden, der det ikkje hadde vore aktivitet dei siste 25 åra. Til slutt landa han på eit sauefjøs for 130 vinterfôra sau.

I 2021 har han nok ein gong hatt eit byggeprosjekt på garden. Nå har det vore eit fjøs til ammekyrne som har vore under oppføring. Begge rundene med bygging har gitt den unge gardbrukaren nyttig erfaring, og at det er lønsamt å kjøpe rådgjeving frå Norsk Landbruksrådgiving (NLR) Innlandet er han ikkje i tvil om.

– Eg brukte ein del pengar på planlegging og rådgjeving. Sjølv om det er vanskeleg å talfeste, er eg sikker på at det har vore lønsamt. Eg fekk ei fjøsløysing som er tilpassa mine premisser, seier Bjørn Olav Søndrol.

Han er óg styremedlem i NLR Innlandet.

Investerer på leigd grunnlag

Eigedommen til Bjørn Olav Søndrol er ikkje stor nok som ressursgrunnlag for 130 vinterfôra sau og ti ammekyr.

– Vel vitande om at eg investerer på leigd areal, er det ekstra naudsynt å halde byggekostnadane nede, seier
Bjørn Olav Søndrol.

Rådgjevar frå Norsk Landbruksrådgiving (NLR) Innlandet var med på prosessen med utforming av sauefjøset tilbake i 2016. Ei hektisk byggeperiode frå slutten av mai til byrjinga av oktober gjorde at ein lokal entreprenør tok hand om mykje av planlegginga.

– Fysst måtte vi rive det gamle fjøset, før vi kunne sprenge ut tomt til det nye. Det var mykje arbeid og ein hektisk sommar for å bli ferdige med fjøset før dyra kom heim frå utmarksbeite på hausten, seier Bjørn Olav Søndrol.

Då det nye fjøset står ferdig og dyra har komen i hus, fell botn ut tur sauemarknaden. Prisane går ned og innteninga blir dårleg.

– I fjor byrja eg å lete etter ein produksjon som også kunne nytte dei utruleg gode utmarksbeita vi har, samstundes som det kunne gje betre økonomi på garden. Eg valte å kjøpe ei lita besetning med Charolais ammekyr. Målet er å kome opp i 18 til 20 mordyr, fortel Søndrol.

Ny byggerunde

Ammekyrne held hus i eit leigd fjøs førre vinteren. I sommar starta Bjørn Olav Søndrol på ei ny runde med fjøsbygging. Også denne gongen er det tre. Men før bygginga tok til, kontakta han byggteknisk rådgjevar i NLR Innlandet for bistand både med planlegging og synfaring.

– Det har vore ei god støtte i NLR-rådgjevaren. Det var klare utfordringar med tomta. Vi kunne ikkje bygge større enn at vi fekk plass til fjøset på den tomta som allereie var sprengt ut frå førre fjøsbyggingsrunde. Rådgjevaren kom med gode løysingar ut frå dei forutsetningane eg la til grunn, seier Søndrol.

Det nye ammekufjøset er bygd inntil og som eit tilbygg til det eksisterande sauefjøset. Fôrbrett med etefronter er plassert langs veggen mot sauefjøset. Her er det montert fanghekk for enklare handtering ved inseminering og veterinærbesøk.

Skrapearealet ved eteplassene har støypt dekke for lettare reingjering med traktor og skuffe. I enden av etearealet kan kyrne gå over til liggeavdelinga, som er ein stor hall med talle. Her kan Bjørn Olav også lage til sjuke- og kalvingsbinger når det vert aktuelt.

– Begge fjøsa er bygd slik at dei kan enten mekaniserast meir eller kan nyttast til andre ting dersom forutsetningane for vidare drift skulle endre seg. Dette har vore ein heilt naudsynt tanke å ha med seg i prosessen, sidan eg i all hovudsak investerer på leigd areal, forklarar Søndrol.

3 A7 A4393
Liggeavdelinga er bygd på i vinkel til sauefjøset, medan fôrbrett og skrapeareal er bygd inn under ei forlenging av taket frå sauefjøset. Foto: Morten Livenengen
Plan Sondrol
Planteikning av det nye ammekufjøset hos Bjørn Olav Søndrol. Ei fleksibel og rimeleg løysing for dei som ynskjer kaldtfjøs. Teikning: NLR Innlandet / Torstein Rørstad

Viktige premissar

For Bjørn Olav Søndrol har det vore tre premissar som er viktige når han har bygd fjøs. Det har vore lave byggekostnader, lett å drive og ha god dyrevelferd.

– Det har vore særs viktig at eit rimeleg og enkelt fjøs ikkje har gått på akkord med dyrevelferda. Det er det viktigaste, seier Søndrol.

I begge fjøsa synst den unge gardbrukaren at han har lykkast godt med dyrevelferda. Store, luftige husdyrrom med naturleg ventilasjon gir eit godt inneklima.

– Dyra har stor fridom når dei går på talle. Dei kan gå akkurat kor dei vil. Dessutan er talla veldig fin i lamminga og kalvinga. Minuset er klart at halm er kostbart når det skal fraktast frå korndistrikt og hit, men det er vel verdt pengane, seier Søndrol.

3 A7 A4381
God dyrevelferd var det viktigaste premisset Bjørn Olav Søndrol hadde då han skulle bygge ammekufjøs. Foto: Morten Livenengen

Klarte nesten kostnadsmålet

I forkant av bygginga hadde Bjørn Olav Søndrol satt seg eit mål om å halde byggekostnadane på 1,3 millionar kronar, inkludert eigeninnsats. Dyrare byggemateriale har gjort at budsjettet sannsynlegvis har fått ein liten sprekk.

– Eg har kompensert med ein høgare eigeninnsats. Saman med far min har vi lagt ned 1500 timar denne sommaren. Vi har mellom anna gjort alt av grunnarbeid, grunnmur, skrudd innreiing og lagt røyr, seier han.

Sjølv om alle rekneskap for byggeprosjektet ikkje oppgjorde, har Bjørn Olav Søndrol ei formeining om at den samla kostnaden landar kring ein million kronar – eigeninnsatsen heldt utenom. Om han er fornøgd med fjøset slik det vart, vil han vente til kalvinga i februar og mars med å meine noko om, men han trur at løysinga vart god ut frå dei forutsetningane han la til grunn.

Fornuftig løysing

Torstein Rørstad, byggteknisk rådgjevar i NLR Innlandet, har stått for planteikning, fasadar og kostnadsoverslag hos Søndrol. Rådgjevaren meiner at løysinga dei arbeidde seg fram til er både rimeleg og relativt enkel.

– Vi har fått til eit rimeleg fjøs med talle i liggearelet og skrapeareal ved fôrbrettet. Vidare er bygningen planlagt slik at ein kan etterisolerast om det skulle bli naudsynt. Fjøset kan også ytterlegere mekaniserast om det blir ynskjeleg, seier Rørstad.

Byggrådgjevaren fortel vidare at fjøset har kalve- og sjukebinge og at kalvane har moglegheit til å vere aleine i eit kalvegjøme. Her kan dei og fôrast ved eit eige fôrbrett.

Ammekufjøset er utforma slik at det passar saman med det eksisterande bygget. Særleg eitt moment skapte litt hovudbry for bygningsrådgjevaren.

– Eg grubla ein del over korleis vi skulle legge moglegheitene til rette for vidare tilbygg dersom det skulle verte eit behov. Løysinga vi landa på skal gjere det mogleg, seier Rørstad.

3 A7 A9627
Facebook annonse sitter rundt bordet

Går du med byggeplanar?

Gjer ting i rett rekkefølge. Ta kontroll over eigen byggeprosess med NLR på laget!

Vi kan hjelpe deg frå avklaring til ferdig fjøs. Saman finn vi gode løysingar på lausdriftskravet, ombygging, utbygging eller nybygg, tilpassa økonomien på din gard.

Ta kontakt med rådgjevar